midtsiden

Meister og matchvinnar

- Det var innertiar å få Åsne med på laget, seier landslagssjefen etter dagens finalesiger.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Etter å ha skåra mot både Nederland og USA toppa Åsne Takle Eide landslagsdebuten med å bli matchvinnar i dagens finale mot Island i den nordiske meisterskapen for jenter 16.

Island tok leiinga, men Noreg utlikna ved Martine Berget på lagets femte corner. Åsne gav Noreg 2-1-leiinga  før pause og 2. omgang blei mållaus.

- Vi inviterte Åsne med på bakgrunn av den sterke starten i toppserien for Arna-Bjørnar. No viser det seg at det var innertiar å invitera ho med, ho kunne vel ikkje fått ein betre debut enn tre skåringar og matchvinnar i finalen, seier landslagstrenar for J16, Tarjei Smågesjø til Midtsiden.no.

Noreg vann ikkje den danske turneringa, men etter 3-0-siger over Nederland, ein tett 1-2-kamp mot USA og siger i den nordiske finalen er Smågesjø likevel nøgd.

- Dette var første tiltak sidan vi var i Tromsø i oktober i fjor. No ventar dobbel landskamp mot Sverige i august og EM-kvalik i Finland i september, fortel han.

- Held Åsne seg skadefri og og i fin form på seinsommaren blir ho nok invitert med både til Sverige og Finland.

I kveld er det bankett og sundag reiser det norske landslaget heim.

Fleire saker