Meisterverk for piano

med Grzegorz Niemczuk

Den polske meisterpianisten Grzegorz Niemczuk heldt ein fantastisk konsert i Oseana førre året. Konserten blei ein stor suksess, og eit entusiastisk publikum kravde nærast å få han tilbake - så no er han her igjen! Greg – som han kallast til dagleg - var på si side spesielt begeistra for Oseanasalen, akustikken og flygelet hos oss. Lokalet er fullt på høgde med dei største og flottaste salane i utlandet, meinte han.
 
Grzegorz Niemczuk er fødd i Polen i 1985, og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgste utmerking. Han har sidan det vunne mange nasjonale og internasjonale musikkonkurransar.
 
Grzegorz Niemczuk har no heile verda som arena, og har spelt både i og Asia, Australia, Amerika og Afrika, og i dei fleste landa i Europa. Men Greg elskar å spela i Noreg, og han elskar sitt entusiastiske norske publikum. Under denne vårturneen skal han halda konsertar i fleire norske byar.
 
Under kveldens konsert vil Grzegorz Niemczuk gje oss nokre av dei vakraste og mest virtuose verka skrivne for piano, mellom anna:
 
Wolfgang Amadeus Mozart: Rondo D-dur KV 485
Ludvig van Beethoven: Sonate op.13 i ciss-moll - «Pathétique»
Frédéric Chopin: Sonate nr. 3 op. 58 i h-moll
Robert Schumann: “Träumerei” fra “Kinderszenen” nr. 7
Sergej Rachmaninov: Prelude op. 23 nr. 5 - g-moll
Guiseppe Verdi/ Franz Liszt: Rigoletto-parafrase over kvartetten i 4. akt - S. 434
Franz Liszt: Grande Etudes de Paganini nr. 3
Franz Liszt: Ungarsk rapsodi nr. 2 S. 244
 
 
Ord. 350,- / BT 295,-
 
Følg gjerne vårt Facebook-arrangement

Søndag, mai 5, 2019 - 18:00