Næringsliv | 17. okt. 2014

MEKK legg ned på Os

Osbutikken AS, som dreiv MEKK-butikken på Amfi Os er konkurs. Måndag gjekk rulleporten ned for godt.

MEKK legg ned på Os
Porten inn til Mekk er nede. Måndag tok eigaren selskapet som dreiv butikken til skifteretten (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 17. okt. 2014 10:51

Måndag orienterte butikkeigar John Morten Taranger senterleiar Anne Kristine Tøsdal om at han såg seg nøydd til å levera inn nøklane og ta firmaet, Osbutikken AS, til skifteretten.

– Det er frykteleg synd.

– Sjølv om John Morten ikkje likte at eg kalte butikken for ein mannebutikk, med utval og varer som kanskje menn er meir interessert i enn oss damer, så treng vi den type butikker på senterert.

– I tillegg er det sjølvsagt trist for dei tilsette som no mistar jobben sin, seier Tøsdal, som presiserar at det er driftsselskapet bak MEKK-butikken på Os som no er konkurs og ikkje kjeden.

Allereie interesse

Etter at det blei kjent at det 537,5 kvadratmeter store lokalet blir ledig har interesserte allereie meldt seg.

– No er lokalet rett nok låst i ein månadstid slik at bustyrar skal få gjera sin jobb, men allereie no har vi avtale om at nokon skal komma å sjå på det.

– Dette er eit av dei største lokala vi har på senteret, så eg håpar jo at det ikkje skal gå alt for lang tid før nye har etablert seg.

– Kor lang tid det eventuelt tar er umogleg å seie.

– Om du får bestemme, kva type butikk ønskjer du deg inn i lokalet?

– Då ønskjer eg meg ein ny "mannebutikk".

– Det er jo gjerne slik at damene handlar mest, men dei har eit godt utval på senteret no.

– Menna treng ein stad å vera dei òg, så ein ny butikk som interesserer menn er nok det som står høgst på ønskjelista, avsluttar senterleiar Anne Kristine Tøsdal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.