Skular og idrettsplass på Skeie sett frå lufta. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Privatmegleren Vikøyr og Brandt)

Meklarkontora i Os brukte i snitt 19 dagar på å selja 15 leilegheiter

Fersk statistikk: Sånn var eigedomsmarknaden i Os i mai.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

I mai 2019 blei det selt i alt 53 bustadar i Os. Av desse var det 39 brukte og 14 nye bustadar.

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i april?

Det er 14 fleire enn i førre månad og 1 fleire enn i mai i fjor.

Status i mai

Temperaturen i bustadsmarknaden har vore høg mange stadar i kommunen førre månad. Det har vore mange sal, og det har gått raskt. Det tok i snitt 27 dagar å selja eigedomane, og leilegheitane gjekk raskast.

Fleire blir ferdige med studie og ynskjer å komma seg inn på bustadsmarknaden. Det å ha sin eigen plass å bu, og betale ned på eige lån er ingen dum idé.

15 leilegheiter blei selt i den opne marknaden på 19 dagar i snitt, og 13 prosjekterte leilegheitar sto ferdig for overtaking.

Det har vore rift om nokre av leilegheitane, men 6 av 10 blei selt under antyda pris i mai. Av einebustadane gjekk om lag 7 av 10 etter bodrunde.

Det er tydeleg at det er mykje aktivitet i marknaden på kjøparsida, men utvalet har òg auka. I siste del av mai kom det ei kraftig tilbodsauke, og auka kjem til å halda fram i juni.

Normalt i Os ligg det totalt omlag 75-80 annonsar på Finn.no på snitt, men i starten av juni passerte tilbodet 100 annonsar.

Dobla mai-tempo

Etterspurnaden i marknaden har auka sidan slutten av april. Det er ikkje uvanleg at tilbodet stig frå nyttår og heilt fram mot sommaren. Tilbodet er høgare no enn det var i fjor på same tida. 

Det har lenge vore ein moderat prisutvikling i marknaden, men sala går fortare og bodrunde skjer oftare. Eit resultat av dette gjev ein prisauke på kring 1 % på dei siste to månadane.

Tempoet er meir enn dobbelt så høgt som i fjor, nesten dobbelt så mange eigedomar blei dessutan selt over prisantyding.

Tal for mai 2019
Sal: 53 bustadar
Salstid: 27 dagar 
Under/på/over prisant.: 47/11/42 %

Tal for mai 2018
Sal: 52 bustadar
Salstid: 65 dagar
Under/på/over prisant.: 59/19/22 %

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 37 einebustadar, 37 tomannsbustadar, 13 rekkjehus, 1 gardsbruk/småbruk og 51 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 104 annonsar.

Det er 23 annonsar fleire enn byrjinga av mai, og på Finn står 8 av annonsane som selt.

Tilbodet av einebustadar auka frå 24 i byrjinga av mai til 37 i starten av juni. Tomannsbustadane auka med 10 fleire på tilbodssida, og leilegheitane held seg på eit stabilt nivå rundt 50 einingar.

Det er mykje å velja mellom av bruktbustadar i Os for tida, og tilbodet er venta å halda fram i juni. Aktiviteten er høg, og mykje tyder på at ein ikkje er åleina om jakta på draumebustaden.

Fordelinga på Finn.no i skrivande stund er 84 bruktbustadar og 57 prosjekterte bustadar for sal.

Temperaturen frå mai kjem til å halda fram heilt inn i fellesferien, og salstida kan halda seg låg. Nyheitane straumar på, og nokre av dei ryker fort. Nokre av husa som har lagt lenge for sal kan også oppleva auka interesse før eller i løpet av sommaren.

Eigedomssal og snittprisar

Mai 2019: 53 sal                    
Snittpris kr 3 367 805,-          
Snittpris kvm: 31 141,-                  
Omsetnadshastigheit: 27 dagar

Mai 2018 2018: 52 sal                    
Snittpris kr 3 340 996,-          
Snittpris kvm: 28 331,-                  
Omsetnadshastigheit: 65 dagar

April 2019: 39 sal                    
Snittpris kr 3 170 422,-          
Snittpris kvm: 27 658,-                  
Omsetnadshastigheit: 49 dagar

Tala fra mai månad visar ein tydelig auke i salspris og kvm-pris, i tillegg til hurtigare salstid.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane

Siste 12 månadar    
392 sal            
Snittpris: kr 3 324 244,-  
Snittpris kvm: 29 748,-  
Omsetnadshastigheit: 52 dagar

Førre 12 månadsperiode hadde ei saltid på 66 dagar i snitt.

Siste 6 månadar
187 sal
Snittpris: kr 3 369 381,-                      
Snittpris kvm: 29 741,-                  
Omsetnadshastigheit: 52 dagar

Siste 3 månadar      
124 sal
Snittpris: kr 3 370 675,-                      
Snittpris kvm: 30 226,-                  
Omsetnadshastigheit: 40 dagar

Omsetnadshastigheita har lenge lagt kring 60 dagar på snitt. Dei siste to månadane har det tatt i snitt 36 dagar å selja ein bustad i kommunen.

• Førre rapport: Marknaden i Os i april

Fleire saker