Lokal | 23. aug. 2019

Melder 4 dagar med opptil 24 gradar

Fin seinsommar i vente.

Melder 4 dagar med opptil 24 gradar
No har vi fire varme seinsommardagar i vente. Bildet er tatt på Skorpo retning Krokeide i sommar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 23. aug. 2019 07:18

Frå søndag til onsdag er det meldt sol og over 20 varmegradar i Os.

Yr og Storm er einige om lettskya og 22 gradar heile søndag og måndag, og Storm spår at temperaturen skal auka til 23 og 24 gradar tysdag og onsdag.

Storm melder òg ei kort økt med lyn og torden tysdag kveld, men lettskya og varmt igjen onsdag på dagtid.

Overskya og varm laurdag

I morgon er det både Osløpet, fiskekonkurranse i Øyane og open dag hos Os Aeroklubb på Vaksinen/Ulven.

Yr melder opphaldsver laurdag, Storm melder nokre regnbyger midt på dagen.

Begge spår at temperaturen skal auka frå 16 til 18-19 gradar frå fredag til laurdag.

• Sjå detaljert og oppdatert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.