Melder to dagar med fint vêr
Mellom mange dagar med regn og frisk bris kan du gå tørrskodd desse to dagane.
Etter stormen Helene onsdag kom ein våt torsdag.
Også dagen i dag blir regntung, det same blir store delar av neste veke.
Men to dagar skil seg ut; søndag og måndag.
Yr melder opphaldsvêr frå laurdag ettermiddag til og med natt til tysdag. Storm melder mykje regn også laurdag, og lett nedbør søndag fram til ettermiddagen.
Laurdag får mest vind, frå 7 til 10 m/s frå vest.
Men både Yr og Storm melder lettskya og sol måndag.
Våt veke
Frå tysdag er det meldt regn igjen, og det skal koma mykje nedbør til og med torsdag.
Vindstyrken skal ligga på 5-7 m/s
Fredag om ei veke ligg det førebels an til å letta.
• Sjå vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm side om side på VG Pent.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.