Lokal | 23. jan. 2017

Melder to dagar med sol

Torsdag og fredag får finast vêr denne veka. Om det er verdt å reisa til fjells er uvisst, mildvêr og regn har fjerna ein halv meter med snø.

Melder to dagar med sol
Laurdag var det så mykje skodde i og rundt Os at ferjene blei forseinka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 23. jan. 2017 10:16

Helga 14. og 15. januar var det både sol og rikeleg med nysnø i Eikedalen og på Voss. I førre veke kom det mildvêr og regn og mykje av snøen forsvann.

Myrkdalen har framleis 130-150 cm med snø, mens Voss berre har 4 av 10 heisar i drift og Eikedalen førebels er usikre på om det blir kveldskøyring denne veka.

Men temperaturane skal noko ned - og det blir mindre nedbør denne veka, både i Os og på fjellet.

Sol torsdag og fredag

Temperaturen skal ligga på 3-4 gradar i Os måndag og tysdag. Det er meldt litt regn tysdag ettermiddag og onsdag formiddag.

Onsdag skal temperaturen auka til 6-7 gradar, torsdag skal det letta.

Både torsdag og fredag er det meldt sol og 6-7 gradar. Vinden skal løya frå 5-6 m/s torsdag til 2-3 fredag.

Yr og Storm med ulike meldingar for helga

Det er meldt nedbør store delar av laurdagen.

Søndag melder Yr regn og 8 gradar mens Storm spår at det blir sol og 1-2 minus i Os.

Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Yr og Storm, på pent.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.