Denne helga blir det nok meir bading i Mobergsvikjo. Dette bildet er frå sommaren i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Melder knallvêr gjennom helga!

I dag skal det hølja ned - så kjem minst fem dagar med sol og varme!

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tysdag var årets til no varmaste dag med 21 pluss i Os og Bergen.

Godvêrsperioden får seg eit fuktig avbrekk i dag, og det er ikkje små mengder nedbør som er meldt.

Frå klokka 12 til 18 skal det koma 11-16 mm nedbør. Det skal avta noko utover kvelden, men det er ikkje venta opphaldsvêr før natt til fredag.

Så er det meldt sol frå fredag til tysdag, fleire av dagane med heilt skyfri himmel!

Held det seg til 17. mai?

Temperaturen skal auka frå 14-16 gradar fredag og laurdag til 18 gradar søndag og 20 gradar frå måndag av.

Vindstyrken skal halda seg under 3 m/s, med unntak av noko frisk vind frå aust (5,5 m/s) måndag formiddag.

Yr og Storm er førebels ikkje einige om 17. maivêret.

Yr melder sol og 11 gradar, Storm melder regn frå morgon til kveld.

Men det som ser sikkert ut er at vi får ei strålande helg!

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på Pent.no

Fleire saker