Vêret i Os | 25. juli 2022

Melder fire dagar med sol

Slutten av juli ser ut til å bli tørr.

Melder fire dagar med sol
På veg ut av Os hamn ein solrik dag i april. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2022 07:11

I førre veke kom eit par blaff av sommarvêr, men starten på denne veka held fram like våt som helga var.

Det er likevel sol i siktet.

Både Yr og Storm melder opphaldsvêr frå 22-tida tsdag kveld til og med natt til søndag.

Det er meldt samanhengande lettskya frå onsdag morgon til laurdag kveld.

Temperaturen skal auka frå 14-15 gradar onsdag til 17-18 gradar fredag og laurdag.

Onsdag er det meldt opptil 6,5 m/s i vindstyrke, men også vinden skal løya frå torsdag.

Yr og Storm er ikkje einige om søndag og neste måndag, og melder regn kvar sin dag. Så skal det letta på tampen av langtidsvarselet, noko som kan gi håp om fint vêr på Øyafest om ti dagar.

Før godvêret kjem må vi halda ut med fleire regnbyger måndag og samanhengande regn og frisk bris (opptil 9,1 m/s) i morgon, tysdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.