Melder kraftig vind på Vestlandet
«Hauststorm med orkan i kasta», seier meteorolog om det som kan venta oss torsdag.
Har du brukt mai månad på å få ut hagemøblane og montera trampolina for sesongen? No er det på tide å pakka saman igjen.
Det er nemleg ikkje berre regn som er venta frå torsdag, det kjem òg kraftig vind inn over Vestlandet.
I utgangspunktet er det meldt aukande frå 4 m/s onsdag til 10 m/s torsdag, altså frå lett bris til liten kuling.
I dag seier meteorolog Martin Granerød til BT at det har vore ei omvelting i vêrsituasjonen, og at nedbør frå Atlanterhavet kan koma saman med vind i storm styrke og med orkan i kasta (25-35 m/s).
Vinden skal koma frå søraust.
– Før torsdag bør hagemøblar, trampoliner og andre lause gjenstandar bli festa godt eller tatt inn. Dette er ein uvanleg vindstyrke til å vera om sommaren og vi kjem til å merka den svært godt, seier Granerød.