Melder liten kuling, mykje nedbør og ekstremt høg vasstand
Kan bli 25 cm høgare enn stormfloa 15. januar.
Tysdag 14. januar var det stormflo og 196 cm høg vasstand. Dagen etter var det meldt 192 cm, men vêret pressa vasstanden noko høgare enn dagen før.
Måndag som kjem, klokka 23.50 om kvelden, er det meldt 221 cm høg vasstand.
Men først skal det blåsa opp og regna ned, i bøtter og ausefat.
Det bles frisk bris frå sør i Os i dag, denne skal auka til liten kuling natt til søndag og søndag formiddag. Vindretningen skal halda seg frå sør.
- Sjå oppdatert og detaljert vêrmelding for Osøyro - Yr og Storm på same side hos VG Pent
Søndag er det meldt over 50 mm nedbør. Det skal regna måndag òg, men både vindstyrken og nedbørsmengdene blir redusert.
Men så kjem den ekstremt høge vasstanden.
Vurderer raudt farenivå
Historisk låge lågtrykk og atmosfæriske forhold gjer at det kan bli ekstremt høg vasstand langs heile kysten av Noreg måndag kveld.
Vasstanden kan bli 70–80 centimeter over normalen, og Meteorologisk institutt vurderer å auka frå oransje til raudt farevarsel.
- Kartverket/sehavniva.no: Flo og fjøre i Os
Det er flo klokka 11.23 og 23.54 i Os måndag.
Under er ein bildeserie frå Os hamn på full flo kl 09.56 i dag (berre synleg for innlogga abonnentar).