Vêret i Os | 17. okt. 2022
Melder lyn i natt og skyfri himmel dei neste dagane
Resten av veka blir tørr og vindstille.
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 17. okt. 2022 19:20
Etter ei våt helg og ein regntung start på veka, skal vi få lettare vêr i dagane som kjem.
Inatt er det meldt ein del nedbør, Yr melder også lyn frå midnatt til rundt klokka 03.
Men i 06-tida tysdag morgon skal det letta, og tysdag og onsdag skal bli skyfri, med 12 gradar og 4-6 m/s vind.
Onsdag skal bli noko kaldare, rundt 9 gradar, men meir stille, under 2 m/s i vindstyrke.
Torsdag er det meldt delvis skya, fredag og laurdag overskya, men utan nedbør, og framleis med svak vindstyrke.
Frå søndag er det meldt lettskya igjen.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent.