I nord kjem det kraftig vind, i sør kan store nedbørsmengder skapa problem. (Foto: Met.no) 

Melder store nedbørsmengder tysdag

Frå tysdag morgon til onsdag morgon kan det koma 80 millimeter nedbør i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ein hauststorm er på veg mot Norskekysten, og det er sendt ut farevarsel på oransje nivå for vindkast på 35-40 meter per sekund på Helgeland, skriv met.no på Twitter

Langs kysten i Sør-Noreg er det først og fremst nedbør som kan bli problemet, med 50 til 80 millimeter nedbør på eitt døgn på Vestlandet.

Det er venta regn kvar dag til og med laurdag, men altså mest det komande døgnet.

Vindtstyrken skal ligga på laber bris (6-7 m/s) frå sør, men kan auka til liten kuling seinare i veka.

Det er flo klokka 04.13 og 16.37 tysdag.

• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro frå Yr og Storm side om side på VG Pent

Fleire saker