Lokal | 23. nov. 2009

Meldt stolen

Éin båt er meldt stolen, ein annan er meldt funnen. Måndag fekk politiet også melding om påkjørsle av hjort.

Meldt stolen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 23. nov. 2009 13:02

- Sundag fekk vi melding om båttjuveri. Ein 15 fot Hurricane som låg i Oselvo er sakna, fortel lensmann Rasmus Dalen.

Truleg er det den same båten Midtsiden.no tok bilde av fredag, då vi skreiv om nedbørsmengdene før helga.

- Vi har også fått melding om ein båt som er funnen, men det er ein mindre båt.

På Fusa er det funnen ein 8 fots gummibåt med 5 hk Tohatsu. Har du ein slik på sjøen bør du sjekka om den framleis ligg ved brygga.

Måndag morgon fekk politiet melding om påkjørt hjort.

- Hjorten blei påkjørt på E39 ved Kuvågen. Ingen personar blei skadd i samanstøyten. Landbrukskontoret er orientert, fortel Dalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.