Meldt for uro og kjørt i arresten
Politiet fekk melding om ruteknusing, rykte ut og møtte ein ung mann dei tok med seg.
I 3-tida natt til laurdag fekk politiet melding om ruteknusing på ei privat adresse rett utanfor Os sentrum.
Politiet rykte ut og møtte ein mann i 20-åra ikkje så langt frå den aktuelle adressa.
– Han er meldt for å forstyrra offentleg ro og orden og blei kjørt til overnatting i arresten i Bergen.
– Så får vi sjå om vi også kan kopla han til ruteknusinga.
Krangel på morgonkvisten
Seinare på vakta, klokka 05.45 på morgonen laurdag, fekk politiet melding om ein konflikt på ei privat adresse.
Den eine parten fekk pålegg om å fjerna seg og halda seg vekke frå adressa.
I 19-tida fredag fekk politiet tips om vinglete kjøring på Søre Neset. Vedkomande bil blei stoppa på Halhjem, men førar var edru.
I 3.30-tida i natt fekk politiet melding om bråk på ein buss, men denne meldinga blei det ikkje noko sak på.