Lokal | 27. apr. 2018

Meldt for vald mot politiet etter pågriping i natt

Familien måtte rømma hus då ein rusa, ung mann blei sint.

Meldt for vald mot politiet etter pågriping i natt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. apr. 2018 09:17

I 3-tida i natt rykte politiet ut til ei privat adresse i Os.

– Ein mann i 20-åra oppførte seg aggressivt. Dei andre i familien hadde gått ut av huset før patruljen kom til staden, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Heller ikkje for politiet blei mannen enkel å ha med å gjera.

– Han framsto som rusa og blir meldt for vald og trugslar mot politiet.

Vedkomande blei køyrd til arresten i Bergen.

– Vi vil undersøka vidare om han òg har vore valdeleg mot nokon i familien, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.