Sport | 08. okt. 2018

Meldte seg som Os’ slappaste

Dette seier dei tre kandidatane om utgangspunktet før sju månadar med trening og endra kosthald.

Meldte seg som Os’ slappaste
F.v.: Falco Alexander, Kim og Bodil skal dei neste sju månadane få vegleiing av Daniel Hylland. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. okt. 2018 15:59

I august gjekk personleg trenar Daniel Hylland frå Bootcamp Os ut og inviterte «Os’ slappaste» til å melda seg. Han ville dela ut trenings- og kosthaldsvegleiing verdt 35.000 kroner per kandidat.

– Responsen var enorm, 50-60 menn og kvinner meldte seg i løpet av dei første dagane, fortel Daniel.

Mange av dei var det han skildrar som gode kandidatar, og ti av dei blei inviterte inn på intervju. I utgangspunktet såg han etter to, men det blei tre.

Falco Alexander Walravens (25), Kim Degerstrøm (27) og Bodil Røttingen Myklebust (30) er klare for innsats. Meir om deira utgangspunkt lengre nede i artikkelen.

Analyse av utgangspunktet

– Vi starta med bodyskanning, maksvekt i beinpress som styrketest og sjekka uthaldande styrke med 2000 meter i romaskin. Dette gir oss eit utgangspunkt.

Med sensorar under bein og i hendene har Daniel fått supplert vekt og høgde med data på alt frå fettprosent til kor mange kilo musklar kvar av kandidatane har.

– BMI er ikkje interessant, og data om muskel- og fettprosent, reknar eg alltid som noko usikker ved slike skanningar. Men tal kan vera inspirerande og enkelt å forholda seg til, og dei gir ein peikepinn. Så lenge du bruker same maskin å samanlikna på, så ser du kva retning det går.

Hylland viser oss òg korleis skannaren skil mellom underhudsfett og fett rundt indre organ.

– Du kan sjå tynn ut, men likevel ha ein farleg fettprosent rundt indre organ. Slik ein typisk passiv person vil ha risiko for å få, for eksempel ein gamer.

Vi har spurd kvar enkelt kandidat om utgangspunktet deira.

Kvifor meldte dei seg på, og korleis er historikken deira når det kjem til trening og kroppsvekt?

Falco Alexander Walravens: Det er fire år sidan sist eg trente, og etter dette har eg lagt på meg 25 kilo. Eg jobbar mykje, og eg har til saman tre timar reiseveg frå Os til og frå jobb. Til no har eg verken hatt tid eller overskot til trening, og eg spiser mykje usunn mat. Eg et heller ikkje frukost, første måltid er gjerne ikkje før klokka 15 om dagen.

Kim Degerstrøm: I 2015 var eg ferdig i Forsvaret, etter det har eg lagt på meg 30 kilo. Fettprosenten er høg, og no når eg jobbar natt så blir det til at eg spiser uregelmessig og usunt. Eg håper å få både inspirasjon og kunnskap som til å gi meg ein sunnare livsstil.

Bodil Røttingen Myklebust: Eg kan teorien, men eg ignorerer den. Det året eg som ungdom byrja på p-pillen la eg på meg 30 kilo. Etter dette har eg både fått ungar og drive med trøstespising. Fem veker på rehabiliteringssenter for overvektige gjorde ikkje susen, no er eg motivert for ein heil vinter med oppfølging.

Dei tre kandidatane er i gang. Rundt nyttår vil vi koma tilbake med status, rett over påske 2019 er opplegget ferdig, og vi kan sjå kva resultat Os’ slappaste-stuntet har gjeve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.