Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)

To menn dømt for fyllekøyring

Ein av dei køyrde seinare utan førarkort, begge er i 40-åra.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I førre veke måtte to menn frå Os møta i Nordhordland tingrett sikta for å køyra bil i alkoholrus.

Ein av dei, ein mann i slutten av 40-åra, blei tatt i eit nabolag sør for Os litt før midnatt ein onsdag i januar i år. 

Han hadde promille på 1,51 tjue minutt etter at han køyrde bil. Ture gjekk tur-retur Os-Bergen. Sikta møtte i retten og tilsto.

Han blei dømt til fengsel i 21 dagar og 35.000 i bot.

Den andre sikta er i starten på 40-åra. Han blei stoppa nær Os sentrum i 4-tida natt til ein søndag i mars 2018 med 1,31 i promille. 

Ein laurdagskveld i september same år blei han stoppa på Osveien utan førarkort.

Også vedkomande møtte i retten og tilsto. Han blei dømt til fengsel i 30 dagar og 30.000 kroner i bot.

Fleire saker