To menn mistenkt for vald
Først kom det melding om hærverk i Klokkargarden, så blei ein mann utsett for vald i Os sentrum.
I 00.30-tida natt til søndag fekk politiet melding om hærverk i Klokkargarden.
– To unge menn, truleg i 20-åra, var observerte. Då patruljen kom til staden var dei vekke, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.
Nokre skilt hadde blitt øydelagt og flytta på.
Utsett for vald, men ikkje skadd
Knapp to timar seinare, klokka 02.22, fekk politiet melding frå ein mann som sa han var utsett for vald frå to personar.
Mannen, som er i 30-åra, var berre lettare skadd og har ikkje oppsøkt lege.
– Dei to personane blei skildra, og patruljen møtte to menn i 20-åra som passa til forklaringa.
Det blei tatt avhøyr på staden. Dei to nekta for å ha hatt med valdsepisoden å gjera, men politiet vil snakka med fornærma igjen.
Politiet vil òg sjekka nærmare om valdsepisoden kan sjåast i samband med hærverket i Klokkargarden.