Lokal | 14. feb. 2011

- Merkelege argument

Endra tilskot til private barnehagar: Eit protestbrev med fire punkt går i dag frå innboks til innboks i Os. Brevet har fleire faktafeil.

- Merkelege argument
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. feb. 2011 14:04

Klokka 16.30 i ettermiddag blir det arrangert fakkeltog i Os til protest mot kutta i tilskot til private barnehagar. Fleire i administrasjonen er på jobb fram til klokka 16.30, men dei har førbels ikkje tatt stilling til om dei skal bruka høvet til å snakka til protestgruppa.

- Eg skal ha eit møte med kommunasjef Ingvar Torsvik klokka 16. Då får vi også diskutera om vi skal vera igjen etter jobb for å snakka til dei som kjem i tog, seier rådmann Knut Terje Rekve.

Brev med mykje feil
I eit protestbrev (les brevet her), som blant anna er sendt til medlemmane i formannskapet, som i morgon skal behandla saka, kjem avsendarane med fleire påstandar som ifølgje administrasjonen i Os kommune er feil.

- For det første synes eg det er dumt og merkeleg at dei går laus på lokalpolitikarane og ordføraren, når det er regjeringa som har vedtatt dette. For det andre er det ein del feil i brevet, seier kommunalsjef Ingvar Torsvik då Midtsiden tok ein runde med høgtlesing frå eposten vi i dag har fått frå over 20 ulike avsendarar.

Sitat frå punkt 2 i brevet: «Tallmaterialet som kommunen legger til grunn for å radbrekke private barnehager er absurd og direkte feil. Kommunale barnehager er gitt økonomiske rammer som ikke på noen måte kan gi personalet anledning til å oppfylle de krav som barnehageloven stiller til pedagogisk aktivitet.»

Påstanden stammar truleg frå at Lysekloster barnehage, som ved tilsyn før jul fekk merknad grunna låg pedagogisk bemanning, er brukt som mal.

Kommentar av Torsvik og Rekve til punkt 2:
- Dette er heilt feil. Vi har brukt Lysekoster sitt budsjett som mal, og i budsjettet er det både tatt høgde for full pedagogisk bemanning og litt til. At dei i ein periode ikkje fekk tak i nok pedagogar gjorde at dei dreiv under budsjett, men dette råkar ikkje tilskota til private barnehagar.

Sitat frå punkt 3 i brevet: «Budsjettet til kommunale barnehager reflekterer ikke de reelle kostnadene. Her finner vi bare oppført utgifter til daglig drift og en rekke av de viktigste postene er det ikke budsjettert med.»

Kommentar av Torsvik og Rekve til punkt 3:
- Vi har heile tida vore opptatt av at rekneskapa skal vera opne, og det går tydeleg fram at vi tar med felleskostnadar og nedtrekk i budsjetta for kommunale barnehagar, som for eksempel utgifter til snømoking. Når det finansieringskostnadar er det nasjonale satsar som gjeld.

- Eit felles dilemma
Torsvik seier han synes synd på lokalpolitikarane, som no får protestane som før har vore retta mot regjeringa, rett i fanget.

- Det er ikkje nokon som er for eller imot her, vi har fått for lite midlar og gjer det beste ut av det. dette er eit felles dilemma vi er oppe i.

I forskrifta, som ironisk nok har tittelen «Forskrift om likeverdig behandling», heiter det at private barnehagar først om fem år får tilskot som tilsvarar 100 prosent av det dei hadde i fjor.

- Vi har fått 123 millionar kroner, eg har brukt 127 millionar kroner. Lågare kom eg ikkje, så Os kommune sponsar faktisk utover det vi får tildelt.

- Vi treng 13-14 millionar kroner til. Desse skal vi få, men først om fem år.

Slår ulikt ut
Reduksjonen i tilskot vil nok ramma dei ikkje-kommunale barnehagane ulikt. Nokre av dei er små, andre er store, nokre er etablerte, andre er nye.

Det er også eit skilje mellom ideologisk drivne barnehagar der eit eventuelt overskot blir verande i barnehagen, og private barnehagar, der det kan vera duka for utbyte.

Nokre av barnehagane har nok førebudd seg betre enn andre på reduksjon i tilskot, som dei i ei viss tid har visst vil koma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.