Sport | 16. des. 2015

To meter frå pallen

Så lite skilte Sverre Lunde Pedersen frå pallen etter å ha gått 5 kilometer i Heerenveen. I januar kan du bli med å hjelpa han i Stavanger.

To meter frå pallen
Sverre Lunde Pedersen var berre 2,5 meter unna ny pallplassering i Heerenveen (foto: AH)
Andris Hamreonsdag 16. des. 2015 08:25

Sverre Lunde Pedersen har gjort unna fire av verdscup-løpa i sesongen i løpet av hausten.

– Med tre pallplasseringar, to på lagtempo og ein på 5000 meter er eg nøgd, oppsummerar skøyteesset.

Fekk det tøft på glattisen

Verdscupsirkuset starta over dammen med løp på dei superraske banene i Calgary og Salt Lake City.

– Eg er ikkje heilt tilfreds med det eg presterte på den raske isen som er i høgden der borte. Eg får nok ut potensialet mitt betre i lavlandet.

– Kva er det som gjer at du sleit der borte, til dømes på 10 000 meteren?

– Eg veit ikkje heilt. Langdistanseformen var nok ikkje heilt inne, i tillegg trur eg høgda slo litt ekstra ut og det blei tungt, seier Sverre ærleg.

Gode sisterunder

I helgas verdscup i Heerenveen leverte Sverre ein god 5000 meter, der han berre var 18 hundredel unna pallen. Spesielt dei tre siste rundene, som han tradisjonelt har slitt med, var svært gode med rundetider på 29.9, 29.7 og 29.8.

– Var det ein ny "gameplan" vi såg frå Sverre, der du sparar deg litt til slutten?

– Nei, eigentleg ikkje, men eg hadde litt ekstra å spa på med. Diverre hadde eg eit par runder midtvegs kor tida litt gjekk opp, så eg klarte ikkje å henta inn alt forspranget Bart Swings hadde. Det var litt surt at eg berre var 18 hundredel bak i mål.

– Kor mykje er 18 hundredel?

– Du kan jo freiste å ta ei stoppeklokke og stoppa den på 18 hundredel så ser du. Kor langt det er i meter har eg ikkje rekna på, men vi går omlag 50 km/t på ein 5000 meter, så du kan jo gjera det, utfordrar Sverre.

Midtsiden har tatt utfordringa og har rekna seg fram til at han berre var 2,5 meter unna pallen etter å ha gått dei 5000 meterane.

Gler seg til NM

I helga går NM allround på Sørmarka Arena i Stavanger. Same stad som Midtsiden og Os Reisebyrå arrangerar fellestur til under verdscupstemnet i januar.

– Dei to siste åra har eg jo blitt sjuk i samband med NM, men no er formen fin og eg gler meg til å gå.

– Det blir siste stemnet før jul.

– Du skal gå alle fire distansane? Korleis er du på 10 000 meteren?

– Skal ein bli allround-meister må ein gå alle distansane. 10 000 meteren blir greit det. Det er hardt, men eg har tru på at langdistanseforma er inne. Dei siste 5000 meterane tydar på det.

– Blir garantert liv på tribunen

Til verdscupturen 29.-31. januar har vi framleis nokre ledige plassar. I dag er det 22 påmeldte, men vi har helde av 30 billettar i arenaen og har kapasitet både på bussen og hotellet.

– Om det er nokon som ikkje har meldt seg på, men som har lyst til å vera med er det berre å ta kontakt. Prisen er den same som tidlegare i haust, 2715 kroner per person for buss tur/retur Os, to netter på Scandic Stavanger Park, transport frå hotellet til arenaen og billettar til alle dei tre dagane i Sørmarka Arena.

– VI har òg litt ekstra kapasitet på bussen om det er nokon som berre vil vera med på den, fortel Britt Halhjem på Os Reisebyrå, som kan kontaktast på 56 30 43 00 for bestilling.

– Det er kjekt at sambygdingane vil komma og heia på meg. Det kjem garantert til å bli liv på tribunen.

– Eg har forstått det slik at billettsalet til stemnet har vore godt, så eg gler meg til å gå på heimebane, supplerar Sverre Lunde Pedersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.