Lokal | 02. mars 2014

To meter med fiskelykke

Han håpte det var ei lange, i staden var det noko endå lengre i garnet til Frode Haugan.

To meter med fiskelykke
Nevøen Loke var imponert over fangsten. (Lesarbilde, foto: Stig Gram-Knutsen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. mars 2014 08:46

Dei siste vekene har hobbyfiskar Frode Haugan sett garn etter torsk.

Då han i helga drog garn utanfor Stokkavika i Nordstrøno såg han raskt at det var ein annan art på garnet.

– Eg håpte at det var ei lange, men det var kjekt å få havål òg.

– Eg har berre fått havål éin gong før, på teine, men den var mykje mindre.

Havålen han drog opp er cirka to meter lang og truleg rundt 25 kilo tung.

Torskegarnet sto på 50 meter djupne.

Gåve til kollegaer

– Eg tok livet av han med éin gong. Eg ville ikkje ha det beistet liggande å sprella i båten, seier Frode.

– Blir det ål til middag den neste månaden no då?

– He, he! Nei, eg gav han vekk til nokre utanlandske kollegaer av meg.

– Dei klarer sikkert å laga betre middag av havålen enn kva eg hadde klart.

Kan bli tre meter lang

Europeisk havål skil seg frå vanleg ål både i storleik og i kjeften. Vanleg ål har overbitt, havål har underbitt.

Havål kan bli tre meter lang. Hoa blir størst, medan hannen vanlegvis berre blir rundt éin meter.

Les meir om havål på Wkipedia.

Heldige Haugan

Dette er ikkje første gong Haugan får noko spennande i garnet.

Her kan du lesa om månefisken han fekk i januar 2012.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.