Næringsliv | 21. sep. 2019

Metro legg ikkje ned likevel

Då Olaug Gjerde starta opphøyrssal tok handelen av.

Metro legg ikkje ned likevel
Olaug Gjerde fekk brått beskjed om å starta opphøyrssal for å legga ned. Det blei eit vendepunkt for butikken. (Foto: Ørjan Håland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. sep. 2019 07:53

Metro Os er den siste av åtte butikkar i kjeda. Etter 15 år fekk dagleg leiar Olaug Gjerde i mai beskjed om at butikken skulle leggast ned.

– Omsetnaden auka jamt frå 2004 til 2015, men no må vi køyra opphøyrssal for å unngå konkurs, sa Olaug til Midtsiden i mai.

I juni annonserte ho 30 % rabatt på heile butikken, alt frå verktøy og fiskeutstyr til lampar, strikketøy og småmøblar skulle vekk.

– Det tok heilt av, vi fekk ein omsetnad vi aldri har opplevd før. Vi fekk eit pusterom, butikken hadde plutseleg god økonomi igjen.

Fylte på med varer

Etterkvart som varene forsvann ut av hyllene har Olaug fylt på både frå eige lager og frå andre stadar.

– Vi har fått tak i gode varer i same varekategoriar frå ein som kjøper opp konkursbu og driv outlet.

– Sjølv om vi har hatt gode rabattar, så klarer vi å tena pengar på desse varene. Det blir nok endå høgare rabattar hos oss utover hausten òg.

Kan driva utover 2020

Olaug hadde i mai inga formeining om kor lenge ho skulle driva opphøyrssal før ho stengte av butikken.

– Før eg fekk beskjed om at butikken skulle leggast ned, såg eg for meg å driva ut januar 2020. Då går leigekontrakten til butikken ut.

– Men vi har god dialog med huseigar, og kan nok driva vidare utover i 2020 om omsetnaden held seg oppe.

Sjølv går ho av med pensjon i oktober neste år. Men det treng ikkje å bety stopp for Metro Os.

– Det er jo mogleg at andre vil driva den vidare. Men det et for tidleg å seia. Det som er sikkert no er at vi ikkje er i ferd med å stenga døra. Butikken går godt, og vi er i alle fall open til over nyttår.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.