Midlar til start

Regjeringa vil bruka 6,5 milliardar kroner på veg neste år. Svegatjørn-Rådal får kanskje ein liten bete av kaka.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

E39 Svegatjørn-Rådal står ikkje på lista over parsellar som får midlar i det nye framlegget til statsbudsjett. Bompengesøknaden må grunna nye kostnadstal og ny trafikkteljing reviderast og sendast på nytt til stortinget for godkjenning. Dette skjer truleg tidlegast i mars neste år.

Regjeringen vil setja av 6,5 milliardar kroner til reine veginvesteringar neste år, der 6 milliardar skal brukast til riksvegnettet, skriv VG.no.

Det betyr at 6 av 12 prosjekt deler 6 milliardar, dei neste 6 prosjekta får den siste halve milliarden på deling til prosjektering, førebuande arbeid og anleggsstart i 2010.

Desse får fullfinansiering:
E16 Smedalsosen - Borlaug (i Sogn og Fjordane)
E39 Lavik ferjekai (i Sogn og Fjordane)
E18 Melleby - Momarken (i Østfold)
Rv 3 Åsta bru med tilknytingsveier (i Hedmark)
E6 Harran - Nes bru (i Nord Trøndelag)
E6 Møllnes - Hjemmeluft (i Finnmark)

Desse får midlar til oppstart:
E18 Sydhavna (i Oslo)
Rv 2 Kongsvinger - Slomarka (i Hedmark)
E18 Gulli - Langåker (i Vestfold)
E39 Svegatjørn - Rådal (i Hordaland)
E16 Fønhus - Bagn - Bjørgo (i Oppland)
E6 Sentervegen - Tonstad (Miljøpakke Trondheim) (i Sør Trøndelag)

Fleire saker