Lokal | 28. sep. 2009

Midtsiden på P3

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. sep. 2009 21:00

Måndag i 9-tida var P3morgon på jakt etter gode lokalnyhende. Etter å ha snakka om namneskifte på eit apotek i Rakkestad hamna dei i Os og Midtsiden.no. Redaksjonen var orientert om at det er fleire plassar i Noreg som heiter Os, men avslørte raskt at det var Os i Hordaland dei var kome til.

- Ut frå dialekta ser det ut som Vestlandet, meinte den eine.

- Er det skrive på dialekt, svara kollegaen lettera overraska. Står det "eg", lurte han på?

"Ein gut" var nok til at dei skjønte kvar dei var - og saka som fell i smak var Slått med slåsshanske, ei sak om ein valdsepisode i Os sundag morgon.

Diskusjonen i P3morgen gjekk vidare om kva type slåsshanske det var snakk om, den i stål eller den av skinn med hol til knokane. Dei konkluderte med skinnhanskar, og at dette truleg var måte folk helste på kvarandre i Os.

Vil du høyra dagens sending av P3morgen kan du trykka her. Snutten om Midtsiden er rett før halvvegs i sekvensen mellom klokka 9 og 10.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.