Sport | 29. sep. 2011

MidtsidenCup 2011

Datoen er klar for årets gatecup for vaksne. I år med ny klasse for gode gamle gutar.

MidtsidenCup 2011
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 29. sep. 2011 09:27

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 7
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

MidtsidenCup, som vanlegvis blir arrangert i slutten av oktober, blir i år noko seinare.

Først var planen å arrangera gatecupen den første helga i november, men sidan eitt av laga i Bergen skal spela ein eller annan finale på Ullevål den helga, så då blir MidtsidenCup arrangert i veke 45, 9. til 12. november.

I bildeserien over får du nokre tips til cupen ...

Innleiande rundar: Onsdag 9.11 og 10.11. Kvart lag speler éin av desse dagane. Det går an å koma med ønskje om speledag.

Sluttspel og finalar: Laurdag 12. november.

I år stiller vi med ny klasse: Herrer 40+
(handlar ikkje om kilo, men alder)
Det er lov å ha med inntil 2 spelarar under 40 år, men ingen av desse kan vera aktive. Resten må vera fylt 40 år eller fylla 40 år i løpet av 2011.

Vi har også to nye reglar:
• Oldboys/veteranar som har hjelpt Os 2 (4. div) tel ikkje som aktiv
• Du kan ha med meir enn 12 spelarar, og meir enn 2 aktive, berre dei spelar kvar sine dagar (det har vore ei utfordring for enkelte lag å stilla i sluttspelet fordi nokre spelarar berre hadde tid i innleiande runde)

I 2010 deltok til saman 36 lag i herre-, dame- og mixklassen:
Sjå 96 bilde frå MidtsidenCup 2010 (Facebook)

TITTELFORSVARARANE:
Dameklassen: No Name, No Fame
Mixklassen: God STIL (vann også i 2009)
Herreklassen: Razor Ruddocks

Samleside: Les alt om MidtsidenCup 2009 og 2010

Reglar og påmelding
• Aldergrense 16 år (18 år for bankett/festmiddag)
• 7 til 12 spelarar per lag. Uansett skadar eller anna fråvær, kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• Maks to aktive spelarar (5.div og opp, 4.div for kvinner).
• 1 straffe i mot per spelar frå 3. divisjon og opp (menn/mix).
• Mix-lag må ha minimum 2 kvinner på banen.
• 2 x 12 min. omgangar
• Puljespel i innleiande rundar, to beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

Påmelding
Send påmelding til kjetil@midtsiden.no
• Namn på lag, klasse og namn og mobilnummer til lagleiar
• Namn på alle spelarar - send gjerne påmelding først og spelarliste seinare!
• Merk av aktive spelarar med divisjon (i parantes bak namnet)

Pris: 200 kroner per spelar
Siste frist for påmelding: Måndag 31. oktober
Frist for sending av spelarliste (inntil 12 spelarar) og betaling: Torsdag 3. november

Betal cup til:
Os Turn fotballgruppa
Idrettsvegen 41
5200 Os
Kontonr: 3624.20.30022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.