Sport | 03. okt. 2012

MidtsidenCup 2012: Ny klasse, nye reglar

Her er reglar og dato for årets gatecup i Os, som no får eit tydelegare skilje mellom amatørar og aktive fotballspelarar (oppdatert 31/10).

MidtsidenCup 2012: Ny klasse, nye reglar
Vågshaugen City i aksjon i MidtsidenCup 2011. Deira oldboys-spelarar tel no som aktive. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. okt. 2012 13:06

MidtsidenCup 2012 blir spelt på Kuventræ med innleiande rundar onsdag og torsdag 14. og 15. november (kvart lag speler éin av desse dagane).

Sluttspelet og finalane går laurdag 17. november.

Påmeldingsfrist: Torsdag 8. november.

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

Dette er noko seinare enn tidlegare år, av praktiske årsaker som lang serie for dei aktive og cupar i aldersbestemte klassar som berører fleire fotball-foreldre.

Skil amatørar og aktive

Arrangør Os Turn Fotball vil legga betre til rette for både amatørar og aktive spelarar, med eigen amatørklasse og eigen eliteklasse med opning for fleire aktive.

– Vi ser at nivået blir høgare og høgare og dei siste åra har MidtsidenCup, noko som kanskje har gjort det mindre attraktivt for reine bedrift- eller amatørklassar, seier dagleg leiar i Os Turn Fotball, Leif Idar Røen.

– Vi prøvde i fjor med ein rein seniorklasse, +40 år, men den fekk dessverre for få deltakarar. Ved ikkje å skilja amatørane med alder håper vi på å få mange nok i begge klassar, også på kvinnesida.

– Samtidig er vi avhengig av å opna for aktive spelarar, for det er mange som speler fotball i Os og tydelegvis populært å avslutta sesongen saman med kameratar i uhøgtidelege, men prestisjetunge oppgjer i sjuarfotball.

HER ER REGLANE (OPPDATERT 31/10):

Herrar elite: Du kan ha med maks 5 aktive. Spelarar som har spelt 2 eller fleire kampar i 5. divisjon eller høgare tel som aktiv. Gute- og veteranklassen tel IKKJE som aktiv. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot (1 mål per aktiv over 2 spelarar).

Herrar amatør: Du kan ha med maks 2 aktive, men her tel alle som har spelt serie i 2012 som aktive (også veteran og gutespelarar), og du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

Damer: Du kan ha med maks 5 aktive. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot/0-3 (1 mål per aktiv over 2 spelarar). Alle som har spelt seriefotball i 2012 tel som aktive.

Mixklassen: Du kan ha med maks 5 aktive. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot/0-3 (1 mål per aktiv over 2 spelarar). Alle som har spelt seriefotball i 2012 tel som aktive. (Regelen om at laget har minst 2 jenter på banen til ei kvar tid gjeld framleis).

PÅMELDING:

All påmelding skjer per epost til kjetil@midtsiden.no innan torsdag 8. november, med liste over spelarar.

Men meld gjerne på laget før, utan spelarliste, men med klasse, namn på laget og kontaktinformasjon til lagleiar.

Laget betalar samla 2500 kroner for påmelding, uavhengig av kor mange spelarar laget stiller med. Det er lov å ha med 12 spelarar til kvar kamp, men laget kan ha ein tropp på inntil 15 spelarar (i tilfelle alle ikkje har tid til å spela både innleiande og sluttspel, som går to ulike dagar).

MidtsidenCup får i år 4 klassar:
1. Herrar elite
2. Herrar amatør
3. Damer
4. Mixklasse

ØVRIGE REGLAR:

• Aldergrense 16 år
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skadar eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

ÅRETS TITTELFORSVARARAR:
Herreklassen: T Ullrich
Dameklassen: No name, no fame
Mixklassen: Beliebers

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

Betal cup til:

Os Turn fotballgruppa
Idrettsvegen 41
5200 Os

Kontonr: 3624.20.30022

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.