Frå MidtsidenCup i fjor. I år er ny og større kiosk på plass til cupstart, i tillegg blir klubbhuset brukt til kafé. (Foto: KVB)

MidtsidenCup 2014

Dato, klasse, reglar og stad for bankett er bestemt for årets gatecup for vaksne.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det er tid for MidtsidenCup for 11. år på rad. Gatecupen, som er for både aktive og amatørar, har hatt frå 23 til 45 deltakande lag. I fjor var 31 lag med i klassane herrar elite, herrar amatør og damer.

– Den einaste regelendringa i år er redusert tal på aktive i mixklassen. I fjor var første år utan mange nok mixlag til å gjennomføra og vi kjører no, etter signal frå deltakarar, meir amatørpreg på denne, seier dagleg leiar i Os TF, Hans Parnefält.

Tid, stad og bankett

MidtsidenCup blir spelt kvart år etter at seieren i 3. divisjon til 6. divisjon er over – og etter at Os oldboys har vore på Smalahove Cup, sånn at dei er ledige for å dømma i turneringa på Kuventræ.

Gatecupen blir spelt på kunstgras på bane 1 og 2 på Kuventræ.

Innleiande rundar tysdag 4. og onsdag 5. november frå klokka 17.30 til 22.00.

Nokre lag speler tysdag, andre onsdag. Lagleiarar kan koma med ønskje om speledag, alle har til no fått ønskja sine.

Laurdag 8. november frå klokka 10.00 er det sluttspel.

Finalane plar vera ferdigspelt til klokka 15.00.

– I år blir det bankett på Solsiden laurdag kveld med mat og drikke frå klokka 19. Detaljar og pris kjem seinare, fortel Parnefält.

Reglar og påmelding

Reglar for cupen og for tal på aktive i kvar klasse finn du lista opp nedst i artikkelen.

Aldersgrensa er 16 år (fødd i 1998) og i starten treng påmeldinga berre innehalda namn på laget (kan justerast på nærmare cupstart), klass og namn og mobilnummer til lagleiar.

Påmelding sender du på epost innan fredag 24. oktober, liste over spelarar skal sendast innan onsdag 29. oktober.

Prisen er 2500 kroner per lag (inntil 15 spelarar).

HER ER KLASSANE OG REGLANE

Herrar elite
• Du kan ha med maks 5 aktive. Spelarar som har vore på banen i 2 eller fleire kampar i 5. divisjon eller høgare tel som aktiv.
• Junior/gute- og veteranklassen (oldboys) tel IKKJE som aktiv.
• Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot (1 mål per aktiv over 2 spelarar).

Herrar amatør
• Du kan ha med maks 2 aktive, men her tel alle som har spelt serie i 2014 som aktive (også veteran og gutespelarar).
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

Damer
• Du kan ha med maks 5 aktive.
• Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot/0-3 (1 mål per aktiv over 2 spelarar). Alle som har spelt seriefotball i 2014 tel som aktive.

Mixklassen
• Du kan ha med maks 2 aktive, men her tel alle som har spelt serie i 2014 som aktive (også veteran og gutespelarar).
• Du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).
• Laget må ha minst 2 jenter på banen til kvar tid.

ØVRIGE REGLAR, GJELD ALLE KLASSAR:
• Aldergrense 16 år
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skade eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar med sidebyte og kort pause
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

ÅRETS TITTELFORSVARARAR:
Herrer amatør: Beast from east
Herrar elite: Vågshaugen City
Dameklassen: No name, no fame
Mixklassen: Målskred (vinnar i 2012)

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

Alltid oppdatert informasjon om årets cup finn du på facebooksida MidtsidenCup

Fleire saker