Million-hausting
Tulipanane står tett i det 7000 kvadratmeter store nye gartneriet på Skeie. Sundag startar julerushet.


3500 kvadratmeter gjekk med i brannen i mars 2008, i oktbober kunne Lyssand Gartneri byrja å setja løk inn i det 7000 kvadratmeter store nye gartneriet.
Samstundes har produksjonen av julestjerner gått for fullt i det 4500 kvadratmeter store gamle gartneriet, det som sto igjen etter brannen.
- Julestjerner er vi nesten tom for. Frå sundag av skal vi hausta nesten ein milliona tulipanar, fortel Thomas Lyssand.
- Då blir det fullt program på begge pakkelinjene og 10-timarsdagar, minst.
Studentar i sving
Anlegget har fått nytt varmeanlegg og det nye gartneriet har med nytt bordsystem blitt meir effektivt å hausta. Borda går på skjener, så no slepp dei tilsette går rundt i gartneriet for å plukka ferdige blomar opp for pakking.
- No står to personar og gjer jobben 5-6 personar vanlegvis gjer.
Trass i ny teknologi - ekstra arbeidskraft må inn før jul.
- Vi har ein del austeuropearar innleigd, studentar ved landbruksuniversitet på praksis, seier Thomas.
Fylte opp i oktober
Det nye gartneriet blei ferdig i haust, og i oktober kunne Lyssand-familien byrja å fylla på for fullt med tulipanløk.
- Dei står først 2-3 veker i den kalde delen, så blir dei flytta for å stå varmt i 3-4 veker.
Han fortel at marknaden har vore god, spesielt har etterspurnaden etter julestjerner og tulipanar vore stor. I det gamle gartneriet er det også produksjon. Her minkar det på julestjerner, men blant anna plante-tulipanar står og gror.
- Dette var ei viktig vare for nokre tiår sidan. Vi produserte årleg rundt 35.000 av desse til ein ganske lokal marknad. No trur eg vi er åleine i Noreg om å dyrka dei, men sjølv om vi supplerer heile landet held det med 20.000, seier Thomas Lyssand.