Lokal | 22. feb. 2014

Mindre grav, meir veg

Plan- og bygningsutvalet kutta i reguleringsgrensene og ønskja meir veg og fleire parkeringsplassar ved Nore Neset kyrkje.

Mindre grav, meir veg
Plan- og bygningsutvalet måtte ta ei synfaring før dei bestemte seg om gravplassen på Nore Neset (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelaurdag 22. feb. 2014 08:50

Kommunen treng meir areal tilgjengeleg for gravplasser for å oppfylle dei lovmessige krava på 3% ledige graver i høve innbyggjertalet. Allereie er ei utviding på Kuventræ på gang, men det held ikkje. Torsdag handsama Plan- og bygningsutvalet utviding av gravplassen på Nore Neset etter først å ha vore på befaring for å sjå på tilhøva.

– Eg har eindel merknader. Det vil nok føre til at planen må sendast tilbake før den kan leggast ut til offentleg ettersyn, opna Harald Døsen (Ap).

Døsen lista opp tre punkt han meinte måtte endrast: Parkeringa kunne ikkje leggast der den var planlagt, då Ap ikkje ville ta dyrka mark til parkering. I staden ville Døsen utvida parkeringa innanfor dagens parkering ved kyrkja. Det måtte setjast av areal mot Dahlsvegen for i framtida å kunne leggja denne om og ein måtte regulera inn stien frå Dahlsvegen til Nore Neset skule inn i planen.

Einige om veg

Døsen fekk støtte frå dei andre på at ein måtte setta av areal til veg.

– Høgre og Frp ser for seg at ein trekk reguleringsgrensa ut til naboeigedommane og at ein samstundes trekk buffersona 10 meter inn slik at det blir ein større korridor til veg.

– Sidan det er Os kommune som eig området kor det er planlagt parkering så ser vi ikkje det som eit problem, men vi kunne i tillegg tenkje oss at fortauet inn mot kyrkja leggast på andre sida av vegen i høve til slik det er i dag, og at ein etablerar skråparkering langs innkøyringa, fremja Gustav Bahus (Frp).

Vil krevje ny høyringsrunde

Bahus sitt forslag om å utvida reguleringsgrensa viste seg å ikkje vera heilt enkelt.

– Det vil kreva ein ny runde med høyringar og tilsvarande før planen kan leggast ut til offentleg ettersyn, påpeika Aina Tjosås, plan- og utviklingssjef i Os kommune.

– Då må ein finna ein anna løysing som ivaretek dette, svara Ståle Skaatun (H).

– Gravplassen slik den no er teikna er allereie i underkant av det dei treng. Det er kanskje ikkje veldig langsiktig å ta av området.

– Om ein skal regulera inn veg må ein kjenne til meir kva trafikk den skal dimensjonerast for. Desse tinga krev eit stykkje arbeid som vi nødvendigvis vil bruke noko tid på, kommenterte sakshandsamar Arne-Richard Stadaas.

– Korleis kan vi løyse det då, undra Skaatun.

– Det er lettare å trekkje inn eit planområde enn å utvide det, svara Tjosås.

Etter ytterlegare litt diskusjon om vegbreidde og standard konkluderte utvalet med at ein trekk planområdet 10 meter inn mot nordvest for å setje av eit breidare område til veg og at det leggast til rette for skråparkering langs vegen inn mot kyrkja.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.