Mindre straum - meir stemning
Gjestane på Peppes Pizza i Os reagerte positivt på at restauranten markerte Earth Hour laurdag kveld.
Laurdag kveld, for sjette år på rad, blei lys over heile verda sløkt for å markera Earth Hour, ei symbolsk markering for å gjera folk meir bevisst på klimaproblematikken.
WWN (World Wide Fund for Nature) står bak markeringa, som "såg dagens lys" i Sidney i 2007. VG Nett viser bilde frå alt frå sløkte lys på den kinesiske mur til mørklagt slott i Oslo i deira reportasje om Earth Hour 2012.
135 nasjonar deltar i aksjonen i år. Tal frå Statnett viser at straumforbruket i Noreg gjekk ned med omtrent 200 millioner watt i timen aksjonen pågjekk, noko som tilsvarer 5 millionar 40-watts lyspærer.
Også i Os blei Earth Hour markert, blant anna på Peppes Pizza.
– Pizzaomnane var varme, så vi fekk servert gjestane. Men kokkane måtte ha stearinlys på kjøkkenet så dei klarte å lesa oppskriftene, fortel Joachim Wagner-Larsen.
Gjestane i den halvfulle restauranten hadde ikkje noko imot å ha dempa lys til maten.
– Vi hadde som vanleg fyr på peisen og supplerte dette med ekstra med stearinlys. Vi ville vera med på markeringa sjølv om vi driv restaurant, og det gjekk heilt fint. Vi fekk gode tilbakemeldingar på at vi viste at vi bryr oss, seier Joachim.