Lokal | 14. aug. 2012

Minst byråkratisk

Os kommune er blant dei minst byråkratiske syner ein ny undersøking blant landets kommunar.

Minst byråkratisk
Administrasjonen i Os kommune er blant dei minst byråkratiske i Noreg (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. aug. 2012 09:26

Analysebyrået NyAnalyse har sett på kor mykje dei forskjellege kommunane i Noreg nyttar til administrasjon. På årets Byråkratibarometer gjer Os kommune eit byks frå 151. til 9. plass blant dei 426 målte kommunane.

- Dette syner at arbeidet som er gjort dei siste åra med bevisst satsing på ny organisasjonsmodell, effektivisering av arbeidsprosessar, nedbemanning og nye IT-løysingar har gjeve resultat, seier ordførar Terje Søviknes (Frp) i ein kommentar.

Framfor Os ligg Larvik, Karmøy, Porsgrunn, Bergen, Ski, Sogndal, Ullensaker og Nedre Eiker.

På tredje plass

Undersøkinga målar fem variablar som gjennom ei vekta utrekning gjev den totale rangeringa.

  • Lønskostnadar til administrasjon per innbyggjar (40 %)
  • Andel netto driftsutgifter i kommunen til administrasjon og styring (20 %)
  • Avtalte årsverk innan administrasjon, i prosent av innbyggjartal (20 %)
  • Andel av samlande kommunale årsverk avtalt innan administrasjon (10 %)
  • Lønskostnadar til politisk styring per innbyggjar (10 %)

For kriteriet lønskonstandar til administrasjon (antal årsverk i prosent av innbyggjartal) kjem Os på tredje plass med 0,58 bak Røyken (0,39) og Verdal (0,41).

Undersøkinga er basert på tal kommunane sjølv har rapportert inn til Statistisk sentralbyrå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.