Minst OL-sølv til Sverre
Det norske laget er i finalen på lagtempo i OL etter ny olympisk rekord.
Sverre Lunde Pedersen, Håvard Bøkko og Simen Spieler Nilsen stilte i semifinalen mot Nederland på lagtempo i skøyter. Sindre Henriksen med mor frå Os var reserve i semifinalen etter å ha fått det tungt i kvartfinalen, men også han får medalje for det norske laget.
Med Sverre i føringa tok Noreg leiinga frå start og slapp den aldri igjen. Sverre gjekk i front den første halvannan runda og tok Noreg opp i ei leiing på 0,76 sekund. Fram til skøytekongen Sven Kramer tok føringa for Nederland held Noreg avstanden. Med Kramer i front spiste Nederland seg innpå, men dei kom aldri nærare enn 0,06 sekund bak Noreg.
På slutten går Sverre igjen i front og dei aukar og aukar avstanden til Nederland. I mål er dei 1,38 sekund foran Nederland.
Noreg gjekk dei åtte rundene på 3.37.08 og ny olympisk rekord på distansa. Tydeleg inspirert av gullet til Håvard Holmefjord Lorentzen på 500 meter tidlegare i veka.
– Dette var eit perfekt løp av Noreg. Nederland hadde ikkje sjans. Sverre er lokomotivet i dette toget , sa kommentatorane på Eurosport.
I finalen møter Noreg Korea som gjekk på 3.38.82. Finalane (D-A) starter klokka 13.13 med Noreg og Korea til slutt.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.