Lokal | 06. des. 2018

Mista 10 av 11 pedagogar - og over halvparten av ungane

Bråket i Borgafjell Barnehage fekk ein høg pris.

Mista 10 av 11 pedagogar - og over halvparten av ungane
Borgafjell Barnehage har ny styrar, men har mista mange born og tilsette det siste halve året. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. des. 2018 11:31

Ny styrar er på plass og det ser ut til å vera vanleg kvardag igjen i Borgafjell Barnehage. Men barnehagen er den einaste i Os som har ledig plass, og dei har nyleg, i tre omgangar, søkt etter pedagogar til barnehagen.

• Les òg: Den første omtalen av situasjonen hausten 2017

Kva tap har barnehagen lidd? Kor mange ungar er vekke fordi foreldra har sagt opp plassen, og kor mange tilsette har dei halde på frå tida før konflikten starta?

Midtsiden har i fleire omgangar i haust prøvd å få kontakt med eigarane, Randi Alise Nordeng og Annelie Moi Osterdahl, per telefon, tekstmelding og epost.

Korleis opplevde dei krisa i fjor haust og i vinter? Er det noko dei kunne gjort annleis? Er ting betre no?

Vi har ikkje fått svar.

– Seinast i sommar sa ein av eigarane at det ho var mest nøgd med i løpet av den vanskelege tida var at ho ikkje svarte pressen, fortel ein tidlegare tilsett i barnehagen.

Vedkomande er ny kjelde for Midtsiden, ikkje blant dei vi fekk informasjon frå i vinter. Men vi har snakka med fleire både noverande og tidlegare tilsette. Dei legg fram både tal og dokumentasjon.

Felles for alle vi har snakka med er at dei ønskjer barnehagen alt godt i tida som kjem, at dei håper eigarane legg om stilen dei har styrt barnehagen med, og at dei har inntrykk av at ny styrar utfører ein god jobb.

Felles er òg at frykta sit igjen etter det dei opplever som eit år med overvaking, hyppig påminning om «lojalitetsplikt« og «lydighetsplikt» og utstrakt bruk av advokat.

3 av 7 avdelingar er lagt ned

Borgafjell Barnehage hadde rekord i omsetnad i fjor etter ei auke frå 20 til 20,9 millionar kroner. Driftsoverskot auka frå 408.000 til 950.000 kroner. Men etter konflikten som starta i slutten av september i fjor, og bråket som følgte gjennom vinteren, har talet på ungar blitt kraftig redusert.

– Barnehagen har gått ned frå 7 til 4 avdelingar, og dei 4 avdelingane er ikkje fulle. Barnehagen var heilt eller nærmast full, på det meste i fjor hadde vi over 120 ungar.

Etter sommarferien i år var talet nede i 55, altså meir enn halvert.

– Av rundt 70 ungar som slutta frå januar til august var det 24 førskulebarn. Mange har venta lenge på å få plass i ein annan barnehage, men frå april og gjennom sommaren rann det inn med oppseiingar.

Mista alle leiarane og mange tilsette

Konflikta oppsto etter at barnehagen i fjor sommar fekk ny styrar. Ho blei avskjediga i mai i år.

Erstatning kom på plass før hausten starta, men 10 av 11 pedagogar frå sommaren 2017 er vekke.

– 7 av 7 pedagogiske leiarar har slutta, 3 av dei 4 andre pedagogane òg sagt seg opp. Den siste er ute i permisjon.

– Dei fleste slutta før sommaren, fire av dei gav seg i haust. Folk har også slutta før dei har funne ny jobb, nokre har hamna i andre bransjar eller må pendla ut av kommunen.

I juni i fjor hadde barnehagen 41-42 tilsette, 30-32 av desse var faste. Frå april til i haust har 16 av desse sagt seg opp. Av dei 16 er det både assistentar, fagarbeidarar, pedagogar og alle dei pedagogiske leiararane.

Berre éin fagarbeidar er igjen frå arbeidsstokken frå sommaren 2017.

– Kunne vore unngått

– Det er trist, skremmande og rart å sjå korleis eigarane har klart å skada sitt eige firma, ein god arbeidsplass og ein trygg barnehage, på mindre enn eit år. Vi håper dei er på eit betre spor no.

– Kva kunne vore annleis?

– Det er enkelt, det er berre til å vera open og ærleg med tilsette, foreldre og, då dei kritiske forholda blei så alvorlege, open også med media. Å innrømma feil og å jobba saman mot noko betre ville løyst dette på ein god måte.

Samtidig er dei tilsette kritiske til korleis ulike eksterne organ har handtert konflikta - og måten ulike tilsyn er gjennomført på. Dette kjem vi tilbake til i ei eiga sak.

Relaterte saker:
• I starten på april i år skreiv vi at alle avvika var lukka etter Os kommune sitt tilsyn.
• I slutten på april hadde alle tilsetterepresentantane i SU trekt seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.