Lokal | 08. feb. 2010
Mista førarkortet

Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. feb. 2010 23:40
Måndag i 15-tida fekk politiet melding om vinglete kjøring i Svegane.
- Politiet rykte ut og stoppa bilen. Dei tok beslag i førarkortet til sjåføren, ein mann i 60-åra, fortel operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt, Jan Steimler.
Årsaka til førarkortbeslaget står ikkje i rapporten til Steimler.
- Det er ikkje noko anna årsak enn den vi rykte ut på. Gode vitneobservasjonar av ein kjørestil vi ikkje kan akseptera var grunn god nok, seier lensmann Rasmus Dalen.