Mista førsteplassen?
Tina for II gjorde i helga sitt verste seglas for sesongen. - Eg fryktar at førsteplassen samanlagt kan ha roke, seier Skoglund.


Laurdag deltok fleire båtar frå Os i Windjammer på Stord. Tina for II, som leia samanlagt før denne nest siste seglasen i Hordacup, hamna på 9. plass.
- Vi blei liggande bak nokre båtar, i turbulet vind. Prøvde vi å slå oss ut hamna vi babord med vikeplikt, så det blei ein litt låst situasjon, seier rormann Svein Skoglund.
- I fjor kom vi på 2. plass i Hordacup, i år hadde vi håpa på å klatra til siger samanlagt. Det er ikkje mange som har vore med på nok seglas til å slå oss, men eg fryktar sølvsagt at det dårlege resultatet i helga kan ha øydelagt for oss.
Siste seglas i Hordacup er Nisseseilaset, som går i starten av desember.
- Samanlagresultatet er førebels ikkje justert etter helgas seglas, så vi veit ikkje korleis vi ligg an. Men vi må uansett satsa på å gjera det skarpt i siste seglas, seier Skoglund.
Piano og Lady K. på 4. plass
Fleire båtar frå Os deltok i helgas Windjammer på Stord. I klassen LYS 2, som også Tina for II var i, tok Piano 5. plass og Lisa 6. plass.
I klasse LYS 4 kom IlPrimo p 6. plass, i LYS 5 Doublehanded kom Lady K. på 4. plass
Sjå full resultatliste på arrangøren si heimeside.