Næringsliv | 10. sep. 2018

Mista jobben i Nordsjøen - starta for seg sjølv

No har Siren Fjellbakk to tilsette, på offensiven som liten aktør i reinhaldsbransjen.

Mista jobben i Nordsjøen - starta for seg sjølv
Fjellbakk Renhold AS har fått godt fotfeste. No har det nye selskapet styrka kapasiteten.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 10. sep. 2018 12:08

Då oljekrisa sette inn, vart Siren Fjellbakk brått arbeidslaus. Sjølv om ho har lang erfaring som reinhaldar, med 14 år på Solstrand og 5 år offshore, var det vanskeleg å finna arbeid.

Løysinga vart å starta eige firma, Fjellbakk Renhold AS.

– Etter 10 månader med hardt arbeid har eg no fått mange kundar, både firma og private, fortel Siren.

Den nystarta verksemda har òg fått plass til to tilsette på deltid, i tillegg til ho sjølv.

Enkelt å vera god?

Fjellbakk seier det ligg mykje hard jobb bak etableringa, og det å få ein posisjon i marknaden.

– Eg ønskjer å visa at reinhald ikkje berre handlar om pris, det skal bli reint òg! Eg går ikkje frå ein jobb før det skin, seier ho og ler.

Kundane synest å setja pris på kvalitet.

– Dei set òg pris på at du held avtalar. Noko så enkelt som å koma når ein skal, og vera den tida det vert betalt for, kan vera med på å gi deg eit godt omdømme.

Rusta for auke i bedriftsmarknaden

Til no har det ikkje vore behov for mykje marknadsføring.

- Førebels har kapasitet vore utfordringa, jungeltelegrafen har åleine gjeve oss vekst. Men med fleire tilsette er firmaet i posisjon til å ta inn nye og større kundar.

- Vi ønskjer å bli større innan reinhald for næringsverksemder, og der konkurrerer vi med dei store. Då kjem vi godt ut i pris, endå om vi betaler dei tilsette godt over tariff.

Siren vil likevel vera varsam med å veksa for fort.

- Målet er at kundane er nøgde og at dei tilsette trivst. Eg liker godt Mjelde’n sitt motto, «byggja stein på stein».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.