Det siste døgnet har politiet hatt fleire saker relatert til bil og bilkøyring.
– I går på dagen var UP på patrulje i bygda.
– Det resulterte i at dei tok beslag i eitt førarkort på Byvegen, kor farten blei målt til 68 km/t i 40-sona.
– I tillegg var dei bilist på Hatvikvegen som også måtte gje frå seg førarkortet etter å ha blitt målt til 81 km/t i 50-sona, fortel politibetjent Thomas Juulseth.
Truga drosjesjåfør
Klokka 0230 fekk politiet melding om at ein person hadde vore verbalt trugande mot ein drosjesjåfør.
– Patrulja traff vedkommande på Esso-stasjonen og gav han pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.
– Omlag ein halvtime seinare fekk vi melding om at han hadde bevega seg nordover og sto og ropte og skapte vansker oppe ved Amfi-senteret.
– Mannen blei gripen og køyrd til arresten i Bergen, meldt for ordensforstyrrelser.
Bil av vegen
Tidlegare på kvelden blei patrulja tilkalt sør i bygda kor ein bil hadde køyrd utanfor vegen.
– Der mistenkte patrulja at føraren hadde køyrd i rusa tilstand.
– Vedkommande blei tatt med til blodprøvetaking, fortel Juulseth.
Personen blei ikkje fysisk skadd i hendinga.
Hund påkøyrd
Ved Lyssandfabrikken på Hegglandsdalsvegen blei ein hund påkøyrd i 2120-tida.
– Hunden stakk frå staden, men blei funnen etter kort tid.
– Den blei gjenforent med eigaren og var tilsynelatande uskadd, avsluttar politibetjenten.