Lokal | 20. juni 2017

Mista lappen i fem år

Blei tatt fem gongar utan førarkort, to av dei i rusa tilstand.

Mista lappen i fem år
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. juni 2017 07:18

Ein mann frå Os er dømt for to tilfelle av køyring i rus og fem tilfelle av køyring utan gyldig førarkort.

Sikta, som er i slutten av 20-åra, blei første gong stoppa på Byvegen i 3-tida natt til ein søndag i november 2015. Då var han rusa på amfetamin og klonazepam (Rivotril), i tillegg til at han ikkje hadde førarkort.

I april og mai året etter blei blei han tatt tre gongar på seks veker for køyring utan førarkort. I juni blei han tatt nok ein gong, då var han dessutan rusa bak rattet igjen, på same stoff som i november året før.

Stor bot, men ikkje fengsel

Sikta møtte i retten og tilsto. Han er tidlegare bøtelagt tre gongar og har tidlegare vore dømt til åtte månadar fengsel (120 av dagane på vilkår). Desse forholda blei sett på som så gamle, og av ein slik karakter, at dei ikkje blei vektlagte som skjerpande.

Totalt sett, når det ikkje blitt tatt omsyn til formildande faktorar, kvalifiserte forholda samla sett til fengsel i 60-70 dagar.

Påtalemakta kom med forslag om tap av førarretten i fem år, bot på 58.000 kroner og 45 dagar fengsel.

Fullbyrding av fengselsstraffa blei utsett i to år på vilkår at sikta i eitt år gjennomfører eit program av Kriminalomsorgen mot ruspåverka køyring.

Sikta framsto som ærleg, angrande og motivert for å gjennomføra programmet, og blei dømt i tråd med påstaden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.