Mista lappen i Storumsbakken
Metall-tjuvar i Hagavik, trugslar i Øyane og mann med fakkel på skogssti på Søfteland. I tillegg hadde politiet fartskontroll på Lepsøyvegen.
Fredag klokka 17.30 fekk politiet melding om nokre utlendingar, truleg rumenarar, som forsynte seg av metall på Hagavik.
– Innringar hadde gjeve dei lov til å ta med seg noko, men dei tok ein del meir enn kva som var avtalt, fortel politibetjent Andreas Høynes Hagenes til Midtsiden.
Patruljen rykte ut, men varebilen deira var ikkje å finna.
Ung kvinne mista førarkortet
I 18.30-tida hadde Os lensmannskontor saman med UP laserkontroll på Lepsøyvegen.
I 50-sona i Storumsbakken stoppa dei fleire fartssyndarar.
Høgaste fart blei målt til 84 km/t i 50-sona. Bilførar, ei kvinne i starten på 20-åra, mista førarkortet.
– Det var ein del som kjørte for fort på kort tid, så her kjem vi tilbake om ikkje så lenge, seier politibetjent Trude Lande frå UP.
Nest høgaste fart blei målt til 71 km/t, 5 km/t frå førarkortbeslag.
Open eld på Søfteland
Brannvesenet i Os, og i resten av Hordaland, har grunna skogbrannfare oppretta totalforbod mot open eld.
Men i 20-tida fredag kveld fekk politiet melding om at det gjekk ein mann med fakkel på ein skogsveg i Hjellemarka på Søfteland.
– Vi rykte ut, men fann han ikkje.
Blei truga med bank
Natt til laurdag, i 2-tida, blei politiet oppringt av ein som sa at han var på ein fest i Øyane, og at han blei truga med bank.
– Då vi kom fram til festen var det roleg på staden og gjestane var på veg heim, fortel Hagenes.