Mista lappen - køyrde likevel

– No vil det nok gå lengre tid før han får køyra bil igjen, seier politiet.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. sep. 2019 09:05

Onsdag i 19-tida blei ein bilist stoppa for kontroll på Hatvikvegen, litt aust for Os sentrum.

– Bilførar viste seg å ikkje ha førarkort, og er meldt, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande er ein mann i 40-åra frå Os.

– Han har hatt førarkort, men mista det. Kor lenge sidan han mista det har eg ikkje notert.

– No kan han nok rekna med både forelegg og å måtta venta endå lengre med å få førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.