Lokal | 07. apr. 2017

Mista lappen, men køyrde likevel

Statens vegvesen hadde to kontrollar i Os i går.

Mista lappen, men køyrde likevel
Statens vegvesen sto i over fem timar og kontrollerte trafikken i Os i gårsdagens regnvêr. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. apr. 2017 09:01

Statens vegvesen var i Os frå klokka 12.45 til 18.00 torsdag, først i Industrivegen, så i krysset mellom Gymnasvegen og Byvegen.

Til saman 1.779 bilar blei kontrollerte, under det leiar for kontrollane, Lars Harald Drange, skildrar som svært våte og litt vanskelege forhold.

– Det krev god organisering når du skal ivareta ei effektiv avvikling av trafikkontroll i samanhengande regnvêr, som i går, seier Drange.

Hadde mista lappen - køyrde likevel

Kontrollen var retta mot lette køyretøy, hovudsakleg for å kontrollera om førar og passasjerar brukte bilbelte, noko som kan vera litt vanskeleg når sikta er dårleg.

10 førarar fekk gebyr for å køyra utan bilbelte, 9 køyretøy fekk skriftleg tekniske manglar og 2 fekk muntleg beskjed om manglande lys.

Éin av bilførarane køyrde utan førarkort, då vedkomande hadde fått dette beslaglagt etter ein tidlegare episode (uvisst kva og kor tid).

Det blei òg skrive eitt gebyr for manglande vognkort og eitt for ikkje å ha medbragt førarkort.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.