Lokal | 24. nov. 2010

Mista utemøblane

Måndag stal dei sofaen, tysdag forsvann stolane, i dag fryktar Peppes at også bordet er vekke.

Mista utemøblane
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. nov. 2010 08:38

Måndag morgon oppdaga Peppes-drivarane at det største utemøbelet deira var vekke.

- Det er ein stor, fletta sofa, dei må ha hatt bil eller båt å frakta den vekk med, seier Joachim Wagner Larsen.

No håper han at nokon har sett aktivitet som kan gje politiet spor i saka.

Kom tilbake neste natt
Men tjuvane ville ikkje berre ha sofa, natt til tysdag forsvann dei to stolane som høyrer med.

- Vi har ikkje lagringsplass til utemøblane, så resten står framleis ute. No er eg spent på om bordet som høyrer til sitjegruppa framleis står der når eg kjem opp til restauranten i ettermiddag.

Joggar fann bag
Tysdag fekk politiet melding om funn av bag.

- Ein som jogga i Kolskogen meldte frå om at han hadde funne ein bag med nokre klede i. Vi har fått bagen inn til oss, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Bil i grøfta
Ein bil som sto i grøfta på Hetleflåten tysdag, fekk vitne til å melda frå til politiet.

- Bilen såg uskadd ut. Vi hadde dialog med eigar og det var ikkje grunn til å gå vidare med noko for vår del.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.