Sport | 07. des. 2009

Mistar 4 av 8 poeng

Herrelaget har mista to poeng, damelaget har anka dommen på fire poeng i straff.

Mistar 4 av 8 poeng
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. des. 2009 08:45

Damelaget til Os fekk i førre veke straff frå Norges Handballforbund, 4 poeng i trekk. Laget har frå før 8 poeng på 9 kampar.

- Vi meiner straffa er for streng, og sendte anke to dagar etter at vi mottok den, seier Andris Hamre, leiar for Os Turn Handball.

Keepertrenar frå Bjørnar
Os har eit samarbeid med Bjørnar, og har den siste tida hyra deira rutinerte keepertrenar Jan Freddy Johannessen til å trena både dame- og jentekeeparane til Os.

- Johannessen ville sjå spelarane i kamp, og vi tenkte det kunne vera greit for han å sitja på benken. Derfor blei han ført på dommarkortet og fekk plass saman med dei andre lagleiarane våre, fortel Hamre.

Så kom telefonen frå krinsen, der dei fekk opplyst at dette ikkje var lovleg. Os retta seg etter dette, keepertrenaren kunne like gjerne sitja ein annan plass i salen.

Mister poeng frå to sigrar
Etter telefonsamtalen med krinsen trudde Os at saka var ute av verda. Men i førre veke kom dommen frå forbundet.

- Dette var overraskande, og vel strengt, synes Hamre.

Det var Os sin motstandar Nordnes som kontakta krinsen for å høyra om det var lov for ein trenar å sitja på benken for fleire klubbar.

Os si straff blir poengtrekk to av dei tre kampane Johannessen sat på benken. Den tredje tapte dei.

- Vi mister to poeng frå kampen mot Nordnes og to poeng frå kampen mot Bergen HK.

For sein protest
Men dommer er ikkje rettskraftig før anken er handsama.

- For det første meiner vi dommen er for streng, keepertrenaren har ikkje påverka resultatet, i alle fall ikkje på same måte som om vi hadde brukt ein uberettiga spelar.

- For det andre leverte Nordnes protesten for seint, fristen er 10 verkedagar etter kamp, dei sendte den 21 verkedagar etter.

Herrelaget mista to
Også herrelaget til Os har blitt straffa med poengtrekk. Bruk av den unge spelaren Knut-Bjarne Ulvatne var ikkje lovleg.

- Vi tenkte ikkje på at Ulvatne framleis sto i Nore Neset, som vi har samabeid med. Det er synd å mista poeng, men denne straffa tar vi, seier Andris Hamre.

Damelaget til Os spelar heimekamp mot Bergen HK tysdag kveld (19.45), herrelaget spelar toppkamp heime mot Gloppen laurdag (17.15).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.