Sport | 04. okt. 2014

Mistar jobben i Brann

SK Brann har sagt opp tre tilsette for å spara pengar. Ein av dei er videofotografen Ørjan Håland frå Os.

Mistar jobben i Brann
Ørjan Håland, her som trenar for Os 2, er ein av dei tre første som blei sagt opp då SK Brann no har byrja å kutta. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. okt. 2014 06:54

Ein nytilsett arrangementssjef, Jan-Petter Bratland, har saman med Øivind Presthus og osingen Ørjan Håland i mediaavdelinga mista jobben sin i SK Brann.

– Sidan eg er verneombod kom eg tidleg inn og fekk informasjon om planane om kutt. Det verste har vore å gå blant kollegaene mine utan å kunna fortelja noko, seier Ørjan Håland til Midtsiden.

– Stillinga mi var ganske nyoppretta då eg fekk jobben, og det har vore ei spennande og fin tid der læringskurva har vore bratt, både teknisk og kreativt.

Klar for å gå vidare

Håland har fått ganske frie tøyler og i periodar drive med andre prosjekt, blant anna fotografering og produksjon av musikkvideoar.

Her kan du sjå nokre av dei.

– I det siste har eg følt meg klar for nye utfordringa, tida er moden for å prøva noko vidare innan film. Derfor føler eg det eigentleg som ei lita energi-innsprøyting at tida mi i Brann snart er slutt.

Håland står i stillinga ut året.

Litt vanskeleg å forstå

Sjølv om han har forståing for at SK Brann må spara pengar synest han det er litt merkeleg at dei seier opp to personar i mediaavdelinga.

– For det første sparer dei ikkje så mykje på å seia oss opp, for det andre så er det i dagens digitale samfunn ein litt merkeleg plass å kutta.

– Når det kjem til media kjem Brann på mange måtar no tilbake der dei var i 2007.

Hyggeleg biverknad

Delar av Håland sine oppgåver har vore å følgja treningsøktene til klubben med kamera og mikrofon.

Les òg: Håland vs Huseklepp

– Parallelt med video som fag har innhaldet, altså fotballen, vore veldig interessant for meg, seier Ørjan, som var sentral då Os i 2006 rykte opp til 2. divisjon og som seinare både har trent Os jr og Os 2.

Han held også på å ta trenarutdanning.

– Då er det ekstra kjekt både å følgja treningsøktene og videoanalysen av kampane i etterkant. Ironisk nok er det ingen av trenarane i mi tid som har hatt særleg suksess, så du kan jo seia at det kanskje er avgrensa med informasjon eg bør ta med meg vidare, ler han.

Kva Håland jobbar med i 2015 er førebels uvisst, men han ser ut til å ta oppseiinga med godt humør og friskt mot.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.