Mistenker ikkje noko kriminelt
Mannen som blei funnen livlaus på Hatvikvegen torsdag kveld er truleg ikkje utsett for verken noko trafikalt eller noko kriminelt.
Torsdag klokka 23.45 fekk politiet melding om funn av blodig og livlaus mann på Hatvikvegen, nær avkjørsla til Moldegård og Bjånes.
Det blei utført hjarte- og lungeredning på staden og redningsmannskap fekk liv i mannen, som er i 60-åra, før han blei frakta til sjukehus i helikopter.
Det var i går uvisst kva som hadde skjedd med han, og politiet har hatt assistanse frå både krimteknisk og hundepatrulje.
– Vi trur ikkje ei trafikkulykke elller noko kriminelt er årsaka, og har no ei medisinsk tilnærming til forklaringa på kva som har skjedd, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen fredag morgon.
Midtsiden snakka i natt med tre ulike naboar til staden han blei funnen. Ingen av dei hadde høyrd noko før helsepersonell, politi og helikopter kom til staden.