Lokal | 25. mai 2018

Mistenkt for drapsforsøk er framleis fengsla

– Anken er førebels ikkje behandla, seier politiadvokat Trond Eide.

Mistenkt for drapsforsøk er framleis fengsla
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mai 2018 13:11

I går blei det kjent at ein mann i slutten av 20-åra blei pågripen tysdag kveld, sikta for grov vald mot ei kvinne og drapsforsøk på ein mann i ein bustad i Os måndag kveld.

Sikta skal ha knust eit vindauge for å ta seg inn i bustaden, der han gjekk til angrep på både mannen og kvinna. Det var òg eit mindreårig barn i huset.

Fornærma, som BA omtaler som ein bergensartist, er innlagt på Haukeland blant anna med kuttskadar i handa. Han skal ha fått desse då han prøvde å hindra at sikta stakk han i hovudet med kniv.

Sikta erkjenner ikkje straffeskyld. Han blei framstilt for varetektsfengsling torsdag, men politiet fekk det ikkje som dei ville.

Framleis fengsla likevel

– Ja, eg er overraska og litt skuffa. Det er sjeldan at eg ikkje får medhald, men eg har respekt for at tingretten kan ha gjort andre vurderingar enn meg, seier politiadvokat Trond Eide til Midtsiden.

Ifølgje BT.no meinte tingretten at det ikkje var fare for at bevis skulle gå tapt, slik aktor argumenterte med. God grunn til mistanke er ikkje årsak til varetekt åleine.

– Heldigvis fekk anken min oppsetjande verknad, altså at han blir halden fengsla fram til Gulating lagmannsrett har sagt sitt. Eg reknar med at tingretten kom med den avgjerda av respekt for at lagmannsretten kan koma til ein annan konklusjon.

Saka har førebels ikkje vore oppe i Gulating lagmannsrett. Dette kan skje seinare i dag - eller måndag.

Blei først sleppt fri

Dei tre involverte kjenner kvarandre frå før. Etter at det blei meldt frå om ein valdsepisode måndag kveld, blei sikta pågripen, men sleppt fri.

– Tysdag kom det ny informasjon. Både kvinna og mannen har meldt sikta for drapsforsøk. Sikta blei pågripen på nytt tysdag kveld.

– Kven var det som meldte ifrå?

– Eg overtok saka tysdag, og har ikkje detaljar framfor meg no, seier Eide.

Han svarer heller ikkje på spørsmål om andre detaljar kring hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.