Mistenkt for rus etter velt i Strøno
Førar mistenkt for rus: Tre menn blei skadd då ein bil kjørte utfor i Sørstrøno - knuste bilen som kjørte utfor på same stad søndag (!) - og hamna på sida ut igjen i vegen.
Måndag i 8-tida kom meldinga om utforkjøring og velt i Sørstrøno.
Ein varebil hadde kjørt utfor i ein sving, den same svingen som ei stasjonsvogn kjørte utfor og knekte ein lyktestolpe søndag morgon.
Brannvesen, ambulanse, lege og politi rykte ut.
Tre menn skadd
Først gjekk meldinga ut på at det var fire menn i bilen, men vitnet som var først på staden fortel at det var tre personar i bilen.
– Det var tre menn i bilen. Alle var bevisst. Saman med ei kvinne som kom til hjelpte eg dei tre ut og var her til redningsmannskapet kom, fortel vitnet.
Alle dei tre fekk nakkekrage på, to av dei blei lagt på båre og tatt inn i ambulanse.
Mistenkt for rus
Vegen var stengt medan redningsarbeidet heldt på og var framleis stengt då Midtsiden kjørte frå staden.
– Vi mistenker førar for å ha vore rusa. Han har heller ikkje førarkort, opplyser operasjonsleiar Terje Hilland.