Lokal | 20. des. 2009

Mistenkte lekkasje

Lukten av gass fekk brøytebilsjåfør til å slå alarm.

Mistenkte lekkasje
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 20. des. 2009 02:24

Laurdag kveld blei Best-stasjonen i Os sentrum sperra av. Tilsette ved stasjonen som brøytte plassen kjente lukta av gass og varsla brannvesen og politi.

- Ein frosen sikkerhetsventil var årsaka til at det hadde kome ut litt gass. Heldigvis var det ingen fare. Etter at vi fekk tint ventilen sjekka brannvesenet anlegget og fann ut at alt var OK, seier leiar ved stasjonen, Rolf Tveit.

I nabobygningen Fjellheim hadde nærmare 200 personar samla seg for til konsert. Det var ei stund snakk om å evakuera lokalet, men stasjonen blei raskt friskmeldt og festen kunne halda fram.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.