Kultur | 06. aug. 2016

M&M-sirkuset i gang

Jentene har allereie stått lenge i kø ved landboden for å sjå heltane. Marcus & Martinus. Laurdagen blir ein dag osingane ikkje har sett maken til.

M&M-sirkuset i gang
Lykke, Celine, Helene, Mariell, Nora, Ylva, Amalie, Celine og Levi står som nummer to i køen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrelørdag 06. aug. 2016 07:02

Bildeserie:

Julie, Elise, Camilla, Jana, Lise, Anniken, Anniken var på Flesland fredag for å ta imot M & M (foto: Andris Hamre)
Julie, Elise, Camilla, Jana, Lise, Anniken, Anniken var på Flesland fredag for å ta imot M & M (foto: Andris Hamre)
1 av 1
Julie, Elise, Camilla, Jana, Lise, Anniken, Anniken var på Flesland fredag for å ta imot M & M (foto: Andris Hamre)

Allereie klokka 0830 sto eit nær 100 (stort sett jenter) ungdommar i kø for å komma inn på Marcus og Martinus-konserten.

– Kva er det de gler dykk til, undra underteikna.

Makan til dumt spørsmål skal ein leite lenge etter.

– Marcus og Martinus, kom det kontant frå Lykke, Celine, Helene, Mariell, Nora, Ylva, Amalie, Celine og Levi som sto som nummer to i køen.

– Eg gruer meg litt om nokon pressar meg, kjem det forsiktig i tillegg frå ei av dei.

Var på Flesland

Rett bak står venninnegjengen med Julie, Elise, Camilla, Jana, Lise, Anniken og Anniken. Også dei gler seg stor til å sjå Marcus og Martinus. Faktisk så mykje at dei reiste til Flesland fredag ettermiddag for å ta imot idola.

– Vi var på Flesland i ni timer i går.

– Vi såg dei såvidt i trappa, men då kom nokre vakter og henta dei tilbake. Vi måtte gå før dei kom ut, men andre hadde fått møtt dei.

– Kor mange var det som var der då?

– Dei sa det var 200, men eg trur meir at det var ein 40-50 stykker fortel Camilla.

Skal gi alt

Jentene er ikkje i tvil om kva det er som gjer Marcus og Martinus så populære.

– Dei er så flinke.

– Også er dei så fine, og kjekke.

– Det er ikkje så ofte dei er i Bergen, så vi skal gje alt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.